mandag 20. juni 2011

Olav H. Hauge; Dagbok, band 4

Ein epoke er over. Eg har vore på ei 3726-siders reise gjennom livet til diktaren Olav. H. Hauge. Det har vore ei særs interessant reise. Forvitneleg, for å seie det med eit ord Hauge er glad i. Dagbøkene hans strekk seg frå 1924-1994. For meg starta det med eit besøk i Ulvik, der han budde heile livet. Då eg kom heim tok eg tilfeldigvis til å lese band 5 av dagbøkene hans, og dermed blei eg hekta. Rett og slett. Slik eg blei av dikta til Shelley då eg var 20 år.

I band 4 (1971-1982) skjer det store ting i livet hans. Han er no ein etablert diktar. Og ikkje minst, han finn kjærleiken og giftar seg med Bodil Cappelen. Vi blir tatt med gjennom 70-tallet med astralkropper, ånder, psykotronikk og astrologi. Sjølv var han løve - "ikkje skralt teikn" skriv han. (s. 158) Vi får eit bilete av tida, av rådande litterære strøymingar og ikkje minst Hauge sine tankar og idear om både kvardagen og kunsten, gjerne i ei og same setning.

Eg har hatt det strålande i lag med Hauge denne tida. Eg kjem til å sakne han. På tide å finne ein ny diktar i livet mitt, trur eg.

Glimt frå band 4:

Sukk, så poetisk:
"Dagane er alt på fart gjenom ein naken blåsande vinter - ikkje snjo, det er Vårherre slutta å laga, det er for mykje arbeid å slå yrjande mengder av seks-kanta krystallar." (s.11)

"Ordi. Fuglar! Men eg vilde alltid ha snor i dei, torde ikkje lata dei fjuka fritt." (s. 37)

"Snø, eg ser ut i myrkningi på kvite greiner kryss i kryss, og myrkret attum, djupt, gåtefullt, dunmjukt, ei kvit still verd, so lett, so lett, rom for tankar, draumar å leike seg, som ikorn." (s.
221)

"Me ser so mange gåtor, so mange skuggor. Helst når det er myrkt, dei skrimslar fram attum jarnristene i myrkret." (s. 542)

Om kvinnene:
"Og desse brevi! Kva skal eg gjera med desse kvinnfolki? Som er so flittige til å skriva. Kan umogleg vera meg dei brur seg um. Eller, fan vite." (s.22)

"Radt et kjærleiksbrev frå Edel! Eg lyt skriva med det same. Ho er like varm som fyrr. Dei kvinnfolki!" (s. 133)

"Anders har vore veik; nervone. Men det kan retta seg no han er gift." (s. 660)


Om å skrive dagbok:
"Skrive dagbok? So ettertidi kan sjå kor tanketom og fatig ein var?" (s. 97)

Filosofi og sånn:
"Korleis lærer du å symja? Ved å lese un symjekunsten eller ved å kava på i vatnet? Eg berre spør." (s. 108)

"Dei ropar på nytenkjing. Det er viktigare å vega det som er tenkt, enn å ropa på ny galenskap ..." (s. 439)

Bodil:
"Bodil Cappelen har ringt, vilde koma. Eg var ikkje heime. Veit ikkje um eg skal skriva? Nei, eg skriv ikkje, bed ingen koma. Kjem det folk, tek eg imot dei; eg bed ingen. Det må ho skyna." (s. 118)

6. juni 1974:
"Eg har ikkje set henne fyrr, men hor har skrive til meg i fire år, mange underlege brev. No er ho 44 år. Framleis vakker. Men ho såg ut som um nokon hadde gjort henne vondt. ... Bodil og eg sat i ei krå, dei andre tykte visst det var underleg, for Jarbjørg sa høgt ifrå at eg fekk snakka litt med dei hine som var der." (s. 190)

27. november 1974:
"Bodil skriv at ho skil seg. Ho vil flytta til meg. Ja, dette vart ei uventa vending. Eg undrar meg ikkje på at ho skil seg, når ho lever som ho lever. Men veit ho um eg kan ta henne?" (s. 215)

Joli 1974:
"Eg tenkjer mykje på Bodil, - i glede, men òg med sorg. Ho er mi, segjer ho. Og eg har so lite å bjoda." (s. 227)
"Bodil, ho er i tankane mine kvar tid no." (s. 228)

17. februar 1975:
"Skrive til Bodil. Vil ho flytta hit, fær ho koma. ... Vert eg for umogleg å vera saman med, fær ho reisa att. Eg set det til henne. Verre enn gale kan det ikkje gå med oss." (s. 249)

28. april 1975:
"Bodil kom for godt i dag."

1. februar 1977:
"Ikkje ein tanke i dag? Jau, eg tenkjer på Bodil! Gjeng ikkje rett her når ho ikkje er her. No er det tvo år sidan ho flytte hit. På tid å tenkja på å gifta oss." (s. 364)

27. januar 1978:
"Til Voss til sorenskrivaren. Vart vigde av Nygaard kl. 1 i dag. Vitne var Oddmund og Kårhild. Det var ikkje lange pina." (s. 424)

6. oktober 1980:
"Det er ikkje det å vera åleine som gjer meg noko. Men me har grott so i hop på desse 5 åri, 5 1/2 vert det, at me ikkje kan vera frå kvarandre." (s. 593)

Om si eige dikting:
"Kvifor som mange har skrive rosande um versi mine, er ei gåte for meg. Sjølv synest eg dei rett noe er gode på ein måte, relativt gode, vel å merka, men eg har tykt dei har so lite å segja andre! Dei er på ein måte gode nok for meg, og dei er òg laga for meg, har ikkje noko anna ærend." (s. 296)

"Ei setning skal vera eit stup frå eit springbrett. Hovudet fyre. Flott boge. Kald dukk, ikkje mykje sprut! Men du må koma uppatt." (s. 354)

Om Svolvær, 10. august 1978:
"Ein del ranabåtar. Elles plast, plast. Halvrotne fiskehjeller minner um fisketidi. No ventar dei på olja. Forfall, forfall, nedgang. Elles forunderlege fjellformasjonar på alle sidor. Turistlivet er mykje godt slutt." (s. 447)

Folk flest:
"Kvifor er norske avisor so skrale? Fordi de driv forretning, og må trykkja stoff som folk flest likar. Kvifor er norske bokutsal skrale? Fordi dei vil tena mest mogleg, og det som folk flest vil ha, er skrot." (s. 516)

Om moderne oppfinningar:
"Etter kuleblyanten og skrivemaskina kom, kan ingen skriva. Det beste er skrive med fjørpenn." (s. 698)

Om band 1
Om band 2
Om band 3
Om band 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar