onsdag 23. juni 2010

Nokon må gå føre!

I siste nummer av Bibliotekforum (nr. 5/6-2010) kan ein lese følgjande:
"Dei [UBiT] vurderer ikkje mindre enn å hive ut dei kommersielle, og svært dyre, portalane (ved dei norske universiteta handlar det om systemet Metalib) og erstatte dei med "ope" og gratis løysingar som Google Scholar eller liknande." (s. 32)

Vidare står det at "om teoriane til Strøm om søkjemotorane sine føremoner slår til, skal det ikkje ta lang tid før UBiT er på lufta med ny søkjeportal. Og det blir sannsynlegvis Google Scholar." (s. 33)

Dette heier eg på! Så langt har ikkje dei dyre portalane (hos oss i Tromsø dreier det seg om Metalib-portalen Ofelas) klart å vise at dei er verdt pengane. Då kan vi like godt satse på andre løysingar og bruke budsjetta på meir fornuftige måtar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar