torsdag 1. oktober 2009

Veslebror ser deg

Dette er tittelen på ein roman av Cory Doctorow som kom ut på norsk tidlegare i år, framifrå omsett av Øystein Vidnes. Eigentleg er det ein ungdomsroman, men la ikkje det stoppe deg frå å lese den. Den fungerer heilt fint for vaksne også.

Historien går føre seg i San Fransisco i nær framtid - kanskje allereie i morgon? Hovudpersonen, Marcus, er 17 år og etter eit terroråtak i byen blir han, saman med 3 av venene sine, arrestert utan anna grunn enn at dei var på feil stad til feil tid. Tre av dei slepp ut etter nokre dagar med harde forhør. Ingen veit kva som hende med sistemann.

Terrorpolitiet held byen i eit jerngrep med tryggleikstiltaka sine, og det byggjer seg etter kvart opp ein viss motstand mot desse tiltaka. I spissen for denne motstandsrørsla finn vi Marcus, som med sin teknologiske teft klarer å vere eit steg framfor politiet.

Dette er ein spanande roman om opprør og ungdom, politikk og teknologi og ein aldri så liten dose kjærleik. Godt skriven er den også. God fornøyelse!
UB i Tromsø har boka både på norsk og engelsk. Boka finst også på Tromsø Bibliotek, men då berre på norsk.

PS. Sjølv skal eg til London om kort tid og høyre nettopp Cory Doctorow i foredraget "Copyright, Copyleft, Privacy, Librarians and Freedom". Ja, eg gler meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar